Episodes

  • Trua er tilbake – kven skulle tru det?
    Nov 7 2025

    Bryne slo Brann, og stemninga i studio er på topp! Gutane går gjennom kampen med spelar­børs, og til og med den mest pessimistiske røysta i podkasten er blitt overtydd: Dette laget skal i det minste ta kvalikplassen til Eliteserien. Kanskje kan det til og med bli trygg plass?

    Lyttarane har sendt inn mange spørsmål. Nokre er urolege for kvar ein eventuell kvalikkamp må spelast, andre lurer på kven som bør få vere med vidare og kven som har gjort sitt. Alt dette og mykje meir får du svar på i dagens episode.

    Til slutt rettar vi blikket mot oppgjeret mot Bodø/Glimt. Er det håp for Bryne denne gongen? Vi ser på ståa i begge laga og kven som er klare til kamp.

    Show More Show Less
    1 hr and 22 mins
  • Drittkamp og dårleg folkeskikk
    Oct 30 2025

    I dagens episode må Hobberst og Salte dessverre ta lytarane med gjennom det bitre tapet mot Viking. Stemninga er alt anna enn lystig, og det kjem tydeleg fram i både praten og på børsen, for duoen er slett ikkje nøgde med det dei såg på Lyse Arena.

    Under tribunene og inne i garderoben etter kampen var det mykje som ikkje heldt mål, og det får så hatten passar. Her blir det slakt, og med rette.

    Lyttarane har sendt inn mange gode spørsmål som styrer delar av praten, og i etter tippekonkurransen frå førre runde byrjar Hobberst å dra ifrå. Salte kjenner presset og innrømmer at han må skjerpe seg framover.

    I fantasy-spalta går det heller trått for begge to denne veka. Ingen av dei har mykje å skryte av, og tonen er både sjølvironisk og småbitter.

    Mot slutten av episoden rettar dei blikket mot helgas kamp på Jæren, der Brann kjem på besøk. Er det håp om poeng? Det er kanskje ikkje stor optimisme i studio, men som alltid håpar dei, trass alt.

    Show More Show Less
    1 hr and 15 mins
  • Børs, spalter og spenning før hatoppgjeret
    Oct 23 2025

    I dagens episode av Edder & Galle tek me for oss Rosenborg-kampen og gir spelarane karakterar på børsen.

    Som vanleg er me og innom dei faste spaltene, og denne gongen har me fått inn ein heil haug med gode lyttarspørsmål.

    Men det alle eigentleg går og tenkjer på, er det som ventar: Bryne skal til Stavanger for å møte Viking. Det store lokaloppgjeret nærmar seg, og stemninga i studio er prega av både nervar, forventning og eit solid innslag av forakt for dette møkkalaget frå byen.

    Show More Show Less
    1 hr and 5 mins
  • Når ballen ligg stille, går kjeften
    Oct 15 2025

    I denne veka sin episode er det ingen kamp å analysere, og dermed heller ingen børs å dele ut. Men fortvil ikkje, vi finn sjølvsagt noko å snakke om likevel.

    Vi er innom landslagsfotballen ein liten tur, men går raskt vidare til spørsmål frå lyttarane. Mykje handlar om sesongen vi står midt i, og korleis avslutninga kan sjå ut. Det kjem ogspørsmål om vi i panelet angrar på nokre av utsegnene våre frå førre episode, eit tema som skaper litt diskusjon.

    Til slutt rettar vi blikket mot helgas kamp mot Rosenborg. Har vi eigentleg ein sjanse mot eit lag som kanskje ikkje heilt lever opp til namnet sitt for tida?

    Show More Show Less
    53 mins
  • Tap i Sandefjord og oppførsel som ikkje held nivå
    Oct 9 2025

    I denne episoden av Edder & Galle tek vi for oss Brynes tap borte mot Sandefjord. Både Hobberst og Salte sat på tribunen, og det dei såg var lite å juble for.

    Det blir som vanleg tid til faste spalter, nokre korte og andre litt lengre. Denne gongen har gutane også fått inn fleire gode lyttarspørsmål, blant anna om korleis Bryne-supportarane oppfører seg på bortetur.

    Her blir det ikkje haldne igjen: Edder & Galle slaktar oppførselen til enkelte på tur. Vi er ikkje på reise for å ha VM i drikking eller drive hærverk på andre sine arenaer. Slike tilhøve øydelegg for både klubben og dei mange gode supportarane som oppfører seg fint. Det må stoppast no.

    Show More Show Less
    57 mins
  • Optimisme på lågt batteri – men vi drar likevel
    Oct 1 2025

    I denne veka si episode av Edder & Galle ligg det eit lite slør av optimisme over studio. Etter ein lang og tung periode fekk Bryne-folket endeleg noko å smile av då laget slo Kristiansund 2–0 i bunnoppgjeret på Bryne stadion. Det gir nytt håp i nedrykksstriden og både Hobberst og Salte ser eit lite lys der framme i den elles mørke tunnelen.

    Som vanleg er duoen innom alle dei faste spaltene frå analyse av kampen og spelarprestasjonar til humoristisk frustrasjon over livet som Bryne-supportar.

    Til slutt ser dei framover mot neste utfordring: bortekampen mot Sandefjord. Begge skal dit for å støtte laget.

    Show More Show Less
    1 hr and 6 mins
  • Lys i tunellen – Bryne kjempar vidare i liga og cup
    Sep 24 2025

    I denne vekas episode av Eder & Galle pustar gutane i studio endeleg litt lettare ut. Bryne har tent eit lite håpom overleving etter å ha henta eitt sterkt poeng i plankebyen mot FFK. I tillegg er laget vidare til runde fem i cupen med eit naudskrik etter ein dramatisk 2–1-seier borte mot Brattvåg, der sigersmålet kom heilt på overtid. Det nye cupsystemet får forresten gjennomgå skikkeleg i podkasten.

    Alle dei faste spaltene er sjølvsagt med, og til slutt vender Ole Morten og Per Tore blikket framover og diskuterer sjansane for å ta alle tre poenga når Kristiansund kjem på besøk til Bryne i helga.

    Show More Show Less
    1 hr and 6 mins
  • Ingen forsoning å spore
    Sep 18 2025

    I denne episoden av Eder & Galle tek panelet for seg kampen mot Tromsø – ein kamp som dessverre ikkje vitna om noko forsoning mellom trenar og spelarar. Det Bryne-supportarane fekk sjå, har skapt uro og fleire spørsmål om vegen vidare, og i studio er det lite tvil om at leiinga kan ha gjort eit feilgrep ved å halde på trenaren. Som vanleg får du dei faste spaltene, med høgdepunktet frå Snapchat-spørsmåla, før vi rundar av med spådommar om både laguttak og resultat til helgas bortekamp mot Fredrikstad.

    Show More Show Less
    1 hr and 14 mins