Eit nederlag me aldri gløymer cover art

Eit nederlag me aldri gløymer

Eit nederlag me aldri gløymer

Listen for free

View show details

About this listen

I denne episoden av Edder & Galle tek me føre oss eit blytungt kapittel i Bryne-historia. Trass i ein 1–0-siger i returoppgjeret mot Aalesund, vart det umogeleg å hente inn det brutale 0–4-tapet frå heimekampen. Med 4–1 samanlagt må Bryne gi frå seg plassen i Eliteserien og gjere seg klare for OBOS-ligaen.

Me set børs frå kampen i Ålesund og kårar dei tre beste Bryne-spelarane i årets sesong basert på vår vurdering.

Episoden tek òg opp fleire av dei uavklarte spørsmåla rundt klubben. Kva skal ein meine om trenersituasjonen og episodane som prega laget etter sommaren? Kor samde eller usamde er me eigentleg når det kjem til supportarkulturen rundt klubben? Og som alltid: samtalen tek nokre uventa avstikkarar, mellom anna til merkelege preferansar rundt kva som høyrer heime på juletallerkenen.

No reviews yet
In the spirit of reconciliation, Audible acknowledges the Traditional Custodians of country throughout Australia and their connections to land, sea and community. We pay our respect to their elders past and present and extend that respect to all Aboriginal and Torres Strait Islander peoples today.